CHANGE LAYOUT
  • leftlayout
  • rightlayout
SET FONT SIZE
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Kontrollpanel

FlightSim.se

Kp TrackIR 5 p vr shop
Bygg din egen cockpit!

Londonsceneri med besk eftersmak

Skicka sidan Skriv ut PDF

Den bjuder på många häftiga upplevelser, men slutsatsen är ändå bitter över storstadssceneriet VFR London X. Ole Reidar Dvergsdal hade förväntat sig något bättre än det Aerosoft levererat.

London er ein av dei store maktsentra på verdensbasis, men og ein hovudstad og ein finansiell institisjon. Til tross for dette har nok dei fleste av oss eit forhold til London som turistar. Aerosoft har difor bestemt seg for å gjere denne storbyen tilgjengelig for oss i simulatorverdenen..

 

Information

Utvecklare: Aerosoft
Distributör: Aerosoft
Typ: CD i DVD Cover
Försäljning i Sverige: FlightSimShop.se
Försäljning i Norge: FlightSim.no Shop







 
 
 
 

Ikkje nok med at dei lagar mesh og scenery for området, men også London City Airport er med!

Installasjon

Den testa utgåva er boxed versjon. Dette betyr at ein får med ein trykt manual i tillegg til cd-plata. Som vanlig er det mogleg å laste ned programmet direkte frå Aerosoft sine heimesider. Når eg les manualen finn eg straks ut at dette er eit krevande produkt. Følgande er sett opp som systemkrav:

Minimum

Anbefalt

Flight Simulator X SP1

Flight Simulator X SP2 & VFR Generation X

DVD-ROM


CPU: 1,5 GHz

2.0 GHz +

512 MB RAM

1,5 GB RAM

128 MB grafikkminne

512 MB+

Windows XP SP2/Vista

Windows XP SP2/Vista

Eg samanlikna desse spesifikasjonane opp mot krava som var satt på Aerosoft Venice X som eg har testa tidlegare og fann til mi store overrasking at krava til London-scenreyet var lavare enn for Venice. Men dette skulle vise seg å ikkje stemme heilt i praksis, meir om det seinare.

Sjølve installasjonen er rimelig grei. Installasjonsprogrammet finn fram til installasjonen av FS X heilt automatisk og det einaste du treng å forholde deg til er å legge inn lisensnøkkelen. I tillegg får du her valg om kor detaljert scenery du ønsker å benytte. Valga her består av 2,4 m, 1,2 m eller 60 cm fotografisk scenery. Det mest detaljerte (60cm) er avhengig av dei to andre så om du vel dette krev installasjonen ca 1,5 GB med harddiskplass. Når det gjeld akkurat dette så har Aerosoft valgt å dele opp dei ulike elementa slik at du kan velge i scenery library kva du ønsker å benytte deg av til ei kvar tid. Og sidan ein ikkje treng å restarte simulatoren i FS X ved slike endringar så er dette eit fiffig triks.

Det er også mulig å benytte seg av DirectX 10 med dette produktet, men det er ikkje utprøvd i denne testen.

I bruk

Ca 120km2 av storbyen er modellert i denne pakken. Her er det ikkje berre scenery og bygningar som er med i pakken, ein får også flyplassen London City. Plasseringa av denne er som namnet seier midt i byen og dette gjer det difor veldig attraktivt å ta i bruk dei mindre flygande farkostane som f.eks AirCreation sin Trike. Og akkurat dette gjer at ein får ein artig opplevelse av denne byen!

Når det er snakk om London så forventar ein at alle dei kjende landemerka er på plass, og det er dei: Millennium Dome, Big Ben, London Eye,Westminster Abbey, Tower of London, og London Bridge dukkar opp alle som ein på turen rundt om i byen. Alle saman framstår som nydelig modellert og finishen i bybildet er av ypperlig Aerosoft-kvalitet uansett om du bevegar deg rundt på dagtid eller om natta.

Men det er ein par ting som eg oppdaga ganaske raskt som skikkelige bakdelar med dette scenreryet. Den første tingen er utfordringar med ytelse. Til tross for å ha gjort nødvendige grep i henhold til Aerosoft sine anbefalingar i manualen så fekk eg ikkje opp FPS på eit nivå som eg kan seie meg fornøgd med. No skal det i rettferdigheitens namn seiast at eg ikkje har det største monsteret av ein pc, men den er langt over det dei set som anbefalt, og andre scenery frå dei har gått heilt fint tidlegare. Eg set difor eit svakt minus franfor denne betraktninga,

Den andre store blemma ligg i måten overgangane mellom ymse bruer og land/vei er gjort på. Her virkar det ikkje som det er samanheng overalt, og dette øydelegg ein god del for mitt heilheitsintrykk.

 

Konklusjon

Eg gjentar sikkert meg sjøl for n’te gong når eg seier at eg forventar kvalitet kvar gong eg mottar produkt frå Aerosoft. Denne gongen er eg for ein gongs skuld ikkje 100% fornøgd med produktet dei leverer. Misforstå meg rett: Å ta seg ein flytur over sentrale delar av London blir ein mykje hyggeligare opplevelse med denne pakken installert, enn med det som følger med FS X i utgangspunktet. Men eg hadde forventa litt betre kvalitet i enkelte detaljar. Eg tar meg sjøl i å tenke rett som det er at når dei har brukt ca to år på å lage dette produktet så synes eg det er amatørmessig å unnlate å rette opp i detaljar som å få f.eks vegar til å teffe bruene som kryssar Themsen.

Når desse utfordringane er beskrive så er resten ein positiv opplevelse. Grafisk er det gjort eit godt stykke arbeid med London og byen framstår meir ”livat” i tillegg til at Aerosoft har gjort seg flid med natt-texturane slik at for min del så var det ofte nattflygingar som blei foretrukke. Alt i alt vil eg seie at produktet er verdt pengane om ein likar VFR – flyging over London!

OLE REIDAR DVERGSDAL

 

 

Träffar: 949

Kommentarer (4)

...
Hej och tack för recensionen!

Två frågor:
1. Du säger att sceneriet drar ner fps. Vad testade du på för hårdvara. Det är bra om man redogör för detta om man framför på prestanda.

2. Flera av bildern visar tydliga tecken på problem med "blurries". Vilken upplösning på texturer valde du att installera?

Mvh
Ulf B
Ulf Bjarke , maj 12, 2009
...
Vad är det för vits med kommentarer när man inte får något svar?
Ulf Bjarke , maj 19, 2009
...
Ulf, kommentarfunktionen är inte ett sätt att komma i kontakt med artikelförfattaren. Den är till för att läsarna ska kunna ge sin synpunkter på en artikel och (förhoppningsvis) få svar av andra läsare.
Patric Moreau , maj 22, 2009
...
Tack för infon, Patric!

Jag har nu lagt en fråga i add-on forumet istället.
Ulf Bjarke , maj 23, 2009

Skriv kommentar

mindre | större
security image
Skriv bokstäverna ovan i textrutan nedanför

busy
Senast uppdaterad ( Tisdag, 12 Maj 2009 09:01 )  

767 Captain